Kaffe-venn

Mange i lokalsamfunnet vårt kjenner seg kanskje einsame eller ønsker meir kontakt med andre. Det ønsker vi å gjere noko med! Vi har fått laga ein kaffevenn-kopp. Saman kan vi skape eit varmare samfunn - med ein kopp og ein prat. Stikk innom biblioteket og ta ein kopp gratis kaffe saman med våre kaffevertar. Kven som helst kan møte opp. Du er hjarteleg velkommen til å senke skuldrane og sette deg ned for å prate over ein kaffekopp. Arrangementet er gratis. Ingen påmelding. Vi samarbeider med frivillige frå Langevåg Røde Kors. VELKOMMEN!

Les mer

- Legg til siden som app/snarvei -